T ryg g l e ik e n til b e folknin g a Med “tilstrekkeleg” meiner ein at tryggingsnivået er definert på grunnlag av ei risikovurdering der både verdien av informasjonen og dei trugsmåla og farane som er knytte til systema og drifta av dei, er tekne omsyn til. 3.4.2 PERSONVERN Evne til å sikre konfidensialitet og integritet i register og arkiv som inneheld teiebelagde personopplysningar. Kapabiliteten omfattar register og arkiv som inneheld personopplysningar som er å rekne som teiebelagde og uavhengig av om registra i seg sjølv er å rekne som kritiske for samfunnstryggleiken. Personvern er knytt til retten til å ha ei eiga privat sfære som ein sjølv kontrollerer og dreiar seg om tilhøvet mellom individ og samfunn. Den enkelte skal vere trygg på at opplysningar av personleg art ikkje er tilgjengeleg for uvedkomande. 3.4.3 HENDINGSHANDTERING I INFORMASJONS- OG KOMMUNIKASJONSSYSTEM 3.5 NATUR OG MILJØ Denne samfunnsfunksjonen er knytt til samfunnet sin beredskap mot akutt forureining av miljøet gjennom uønskte utslepp av fast stoff, væske eller gass til luft, vatn eller i grunnen. I tillegg inngår meteorologiske tenester og overvaking og varsling av flaum og skred. Innanfor samfunnsfunksjonen er det definert tre kapabilitetar: Forureinsingsberedskap, Meteorologiske tenester og Overvaking av flaumog skredfare. 3.5.1 FORUREININGSBEREDSKAP Evne til å avverje eller avgrense miljøskade som følje av akutt forureining. I kapabiliteten inngår privat, kommunal/interkommunal og statleg beredskap mot akutt forureining til lands og i norske farvatn og på norsk kontinentalsokkel, samt den slepebåtberedskapen som er etablert langs delar av kysten for å kunne forhindre ulykker med fartøy i drift. Evne til å avdekkje informasjonstryggleikshendingar, avgrense skade og raskt gjenopprette normal drift i register og system med kritisk samfunnsfunksjon og/ eller som inneheld teiebelagde personopplysningar. Kapabiliteten er generell i den forstand at han omfattar alle dei systema som inngår i dei tre føregåande kapabilitetane under denne funksjonen. Det er vesentleg at ein kvar systemeigar er i stand til å detektere uønskte hendingar så snart som mogleg for å avgrense skade og gjenopprette funksjonalitet og tryggleik til systemet. DSB RAPPORT / Samfunnet sine kritiske funksjonar 23
Last ned PDF-fil
Arkiv