Metode for R O S -analy se i p lanle g g in g a Dersom ein allereie har gjort ein ROS-analyse av planområdet i kommuneplanens arealdel eller områderegulering, vil desse analysane vere eit viktig grunnlag for det vidare arbeidet. Ein må vurdere om: • ROS-analysen som ligg føre, i tilstrekkeleg grad fangar opp kunnskapen om det aktuelle planområdet og utbyggingsføremålet. • Kommuneplanens arealdel eller områdereguleringa har føresegner om vurdering av særlege risiko- og sårbarheitsforhold og tiltak som skal følgast opp. For å lage ein god ROS-analyse krevst det felles innsats og tverrfagleg involvering, med ekspertise på ulike fagområde og aktørar med lokalkunnskap.Ut frå informasjonen som er henta inn, beskriv ein planområdet, utbyggingsføremålet og relevante forhold utanfor planområdet (sjå eksempel i figur 5). Utgangspunktet for eksemplet: utbygging av seniorbustad og den valde hendinga «Flaum ved seniorbustaden Kveldsro». Eksempelet viser gangen i å vurdere risiko og sårbarheit for eit detaljreguleringsplanforslag. Kjelder til innhenting av informasjon kan vere: • fare- og aktsemdskart • kommuneplan og reguleringsplanar for omkring- liggande område, mellom anna omsynssoner med føresegner • lover, forskrifter, rettleiarar, rapportar og nasjonale forventningar • kommunens heilskaplege ROS og plan for oppfølging • ROS-analysar for utbyggingsområde i kommuneplanens arealdel, områdereguleringar og naboplanområde • fagekspertise og lokal kunnskap • grunnundersøkingar • krav til aktuelle fagområde eller verksemder • funn frå eksisterande risikoanalysar, mellom anna krav til risiko- og sårbarheitsvurderingar innan kommunens eigne fagområde (eksempelvis drikkevatn og innsatstid for brannvesenet) • Statlig planretningslinje for klima- og energiplanlegging og klimatilpasning (september 2018) • klimaprofilar for fylka (Norsk klimaservicesenter) eller annan informasjon om klimaendringar Sjå elles vedlegg 2, «Kjelder til informasjon for beskriving av planområde og utbyggingsføremål». Beskrivinga gir grunnlag for å identifisere mogelege uønskte hendingar, og blir ein del av dokumentasjonen av ROS-analysen, sjå kap. 4.6. EKSEMPEL PÅ BESKRIVELSE AV PLANOMRÅDE I ROS-ANALYSEN Seks mål stor tomt sentralt på tettstaden «Yr». Flat tomt, ingen flaumvollar. Terrenget stig i bakkant. Asfalterte flater med lite grøntareal, dårleg avrenning. I utkanten renn bekken «Søtstraumen», delvis i røyr og delvis open. Eit tettbygd område med skule, butikkar og veg. Gammal infrastruktur inkl. vatn og avløp. Utbyggingsføremålet Eit bygg på 5 000 kvm med 40 universelt utforma seniorbustader, helsetenester og sansehagar, frådelt frå eit tidlegare næringsområde. I kommuneplanens arealdel er området regulert til bustad/næring. Planarbeidet skal munne ut i eit forslag til detaljreguleringsplan. Vurdering av tryggleik mot naturpåkjenningar Seniorbustaden blir vurdert å vere ordinære bustader i tryggleiksklasse F2. Bustadene skal seljast på den opne marknaden, men er særleg tilrettelagde for eldre og personar med nedsett funksjonsevne. For å vareta tryggleik for flaum må ein plassere utbyggingsføremålet slik at ein ikkje overskrid ei årleg sannsynlegheit som er lågare enn 1/200 (200-årsflaum). Utbyggar ønsker å bygge litt innanfor flaumsona for å få plass til sansehagar på innsida av bygget. Figur 5. Eksempel på beskriving av eit planområde. DSB RETTLEIAR / Samfunnstryggleik i kommunen si arealplanlegging 23
Last ned PDF-fil
Arkiv