sivile samfunnet. FOH har heile tida oversikt over kva for militære ressursar som på førespurnad kan stillast til disposisjon for politiet eller andre sivile styresmakter. Førespurnad om bistand frå Forsvaret kan rettast gjennom redningsleiinga i den lokale redningssentralen (LRS), inkludert politimeisteren, eller via hovudredningssentralane. Formelt har ikkje redningsleiinga i den lokale redningssentralen (LRS) eller hovudredningssentralane (HRS) fullmakt til å utløyse ressursar i ein innsats dersom det ikkje er snakk om eit redningstilfelle. Dei etablerte kanalane mellom politimeisteren/LRS/HRS og FOH er likevel føremålstenlege å nytte ved alle hendingar når ein ber om bistand frå Forsvaret. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, som nasjonal brannstyresmakt, kan også ta hand om kontakten med FOH. Forsvarets bistand til politiet blir regulert av ein særskilt instruks fastsett ved kgl.res. 28. februar 2003. Bistandsinstruksen gjelder i fred, krise og krig og omfattar tre typar bistand: administrativ bistand (bistand i samband med transport eller liknande, der Forsvaret har særskilt teknisk kapasitet eller kompetanse), operativ bistand (bistand ved ulykker, naturkatastrofar, uskadeleggjering eller fjerning av eksplosivar og liknande situasjonar) og handhevingsbistand (omfattar ettersøking og pågriping av farlege personar for å avverje nærliggjande fare for liv og helse, fortrinnsvis hjelp med vakthald, sikring og dekning). Den politimeisteren som får bistand frå Forsvaret, har den overordna leiing under handteringa av hendinga. Forsvaret peiker ut ein sjef for den militære bistanden. Denne militære sjefen vidarefører politimeisterens oppdrag gjennom ordrar på militær side. Heimevernets (HV) primæroppgåver er å sikre mobilisering av totalforsvaret, overvake lokalområda og støtte operasjonane til forsvarsgreinene. Heimevernet kan også påleggjast teneste som skal avverje eller avgrense naturkatastrofar eller andre alvorlege ulykker, det vil seie redningsteneste. Dersom beredskapsaktørar ønskjer bistand frå Heimevernet, skal dei rette førespurnad om bistand via politiet, jf. forskrift til lov om Heimevernet av 30. april 1999 nr. 431 (FOR-1999-04-30-431) Forsvarets bistand til Kystverket er regulert gjennom ein overordna samarbeidsavtale mellom FOH og Kystverket og ei rekkje underliggjande samarbeidsavtalar. Bestilling i samsvar med avtalane med Forsvaret blir regulert gjennom Kystverket aksjonsleiing ved statlege aksjonar mot akutt forureining. 4.1.3 Frivillige organisasjonar og andre beredskapsaktørar Ved bistand frå frivillige organisasjonar under innsatsar som ikkje er redningsteneste, må beredskapsaktøren sjølv 30
Last ned PDF-fil
Arkiv