På ø v ing s dagen På sjølve øvingsdagen møter deltakarane opp til fastsett stad og tid. Det er diskusjonsleiaren som har ansvar for gjennomføringa av øvinga. Det er viktig å presisere at sjølv om leiarar og andre sentralt plassert tilsette skal delta i diskusjonsøvinga, så er det diskusjonsleiaren som styrer ordet. Det er viktig at diskusjonsleiaren ikkje sjølv deltek i diskusjonen, men held seg nøytral og fokuserer på gjennomføringa. Diskusjonsleiaren kan kome frå same organisasjon som skal øvast, eller hentast inn utanfrå. Jobbar diskusjonsleiaren i den organisasjonen som skal øvast, og kjenner saksområdet som diskuterast, er det viktig at han/ ho kjenner rolla si og ikkje prøver å vere saksekspert samtidig. Faren ved dette er at diskusjonsleiaren kan ta ei for stor rolle og at dei øvde blir passive og kunnskapen og synspunkta deira ikkje kjem fram. 6.1.2 REFERENT Referenten si oppgåve er å skrive ned og dokumentere diskusjonen. For å løyse oppgåvene sine må vedkomande: • Notere heile tida medan dei øvde diskuterer. • Etter enda diskusjon gje deltakarane ei kort oppsummering av det som er notert under diskusjonen, slik at dei straks får høve til å korrigere feil. • Vere til hjelp i arbeidet med evaluerings-/ oppsummeringsrapporten. 6.1.3 DELTAKARANE Diskusjonsøvinga blir ikkje betre enn det deltakarane gjer ho til, og diskusjonen mellom dei deltakande aktørane er den viktigaste delen av øvinga. Deltakarane kan bidra til ein god diskusjon gjennom å: 6.1 ROLLER I DISKUSJONSØVINGA • Stille godt førebudd. • Respektere taletid og teikngjeving. • Vere respektfulle overfor dei andre deltakarane. • Vere aktive og gje diskusjonsleiar signal dersom dei oppfattar at diskusjonen tek feil retning eller dei kjenner seg oversedde/misforståtte. I ei diskusjonsøving vil det ofte vere tilstrekkeleg med to personar til å planleggje, gjennomføre og evaluere. Dette kan vere ein diskusjonsleiar (øvingsleiar) og ein referent. 6.1.1 DISKUSJONSLEIAR Oppgåva til diskusjonsleiaren er å planleggje øvinga og leie diskusjonen på sjølve øvingsdagen. For å oppnå ein så god diskusjon som mogleg, bør diskusjonsleiar arbeide for å: • Sjå til at alle aktørar kjem til orde. • Vurdere reglar, slik som teikngjeving i staden for fridiskusjon. • Sjølv vere strukturert, objektiv, roleg, tydeleg, og lydhøyr for deltakarane sine ønske. • Bedømme kva diskusjonar som er verdifulle og skal få halde fram, eller som bør avrundast/ avbrytast. • Hjelpe referenten som noterer under øvinga slik at evaluerings-/oppsummeringsrapporten blir komplett og speglar det som vart sagt under øvinga. 6.2 AGENDA FOR ØVINGSDAGEN 1. Velkomen til øving og introduksjon (ved diskusjonsleiar). 2. Presentasjon av føremålet for øvinga (ved diskusjonsleiar). 3. Presentasjon av bakgrunn og scenario (ved diskusjonsleiar). 4. Diskusjon. 5. Oppsummering og avslutning. 22 METODEHEFTE: DISKUSJONSØVING / DSB RETTLEIAR
Last ned PDF-fil
Arkiv