Ove r nattin g Foto: Roskilde festivalen Ofte trengst det tilbod om overnatting i samband med store arrangement. Campingplassar er ei rimeleg og enkel løysing, men ein kan òg ta andre slags overnattingsfasilitetar i bruk. Dette kapitlet tar for seg kva for tryggleiksvurderingar ein som arrangør bør gjere i samband med overnatting. 10.1 CAMPINGPLASSAR – LOKALI SERING OG UTFORMING Campingplassar som blir brukte i samband med store arrangement, kan vere faste eller mellombels (etablerte spesielt for arrangementet). I alle høve bør campingplassane inngå i tryggleiks- planverket til arrangementet. Service og tryggleik må vere like bra her som på arrangementet elles. Faste campingplassar har som regel tilfredsstill- ande infrastruktur og fasilitetar (dusjanlegg, kafé, opphaldsrom, avfallsordning, brannsløkkjeutstyr og tekniske opplegg) og eit godt driftsopplegg. Det er viktig at mellombels campingplassar, som ofte skal ta imot ei stor mengde gjester, også har tilfredsstillande tryggleik og eit ansvarleg driftsopplegg. 10.1.1 LOKALISERING OG AREALBRUK CAMPING Mellombels campingplassar blir gjerne etablerte tett ved eller inne på arrangementsområdet. Dette bør gjerast med fagleg bistand frå erfarne campingplassdrivarar. 104 Rettleiar for tryggleik ved store arrangement / DSB TEMA
Last ned PDF-fil
Innholdsfortegnelse
Arkiv