R e g io n a l e sit uas j o n sbi l e t e Møre og Romsdal hadde lenge eit lågt smittetrykk. Rundt månadsskifte september/oktober 2020 opplevde fylket ein auke i talet på registrerte smitta, og smittetrykket varte ved. Det største smittetrykket i fylket har i hovudsak vore på Sunnmøre og langs kysten, der byar, verft (med gjestearbeidarar) og større tettstadar er lokalisert. Spesielt har dei større bykommunane hatt fleire smittesituasjonar med krevjande TISK-arbeid. Fylket har hatt nokre større utbrot som kan knytast til utestadar, til dømes i Ålesund i april 2021 og i Volda/Ørsta i juli 2021. Elles har smitten i hovudsak spreidd seg innanfor avgrensa miljø, på same måte som vi har sett i andre delar av landet. I dei indre delane av fylket har det generelt vore lågare smittetrykk. Det har vore spreidd smitte i fylket etter at vaksinasjonstala kom opp sommaren/ hausten 2021. Dette gjeld både geografisk og med omsyn til kven som vart smitta. Seint på hausten / tidleg på vinteren 2021 var dei smitta stort sett barn og unge, uvaksinerte og enkelte personar over 65 år. Oslo og Viken har hatt høgare smittenivå enn resten av landet gjennom nesten heile pandemien, og har som følgje av dette også hatt flest innleggingar med covid-19. Fylket har hatt fleire smittebølgjer, med ei lita bølgje i mars 2020, ei ny bølgje frå november til januar 2020–2021, ein smittetopp i mars 2021, ein rekordsmittetopp i september 2021 og ein ny topp i november 2021. Innleggingane har stort sett følgt smitteutviklinga, med unntak av første bølgje, då det var relativt fleire innleggingar i forhold til talet på kjende smitta. Handteringa byrja i januar 2020. I veke 5 i 2020 oppfordra statsforvaltaren kommunane å sjå over planverka sine. I veke 9 i 2020 byrja kommunane å levere situasjonsrapportar til SFOV, og frå og med veke 11 følgde fylket DSB- rapportering på samordningskanal. Fylket har brukt betydelege ressursar på å samanstille rapportar frå alle kommunar og aktørar inn i rapportering til overordna nivå. 12. mars stengde regjeringa ned landet og innførte mange tiltak som også galdt Oslo og Viken. I veke 12 og 13 drog det seg til med mykje samordning og møteverksemd med kommunar, helseføretak og fylkesberedskapsråd. Smittevernutstyr, testkapasitet, behov for støtte, tiltak osv. har vore tema for koordineringar. Frå veke 14 byrja vekentlege møte med politi, heimevern, sivilforsvar og statsforvaltar. Eit av temaa på desse møta var førespurnader om hjelp frå Forsvaret. Frå veke 15 har fylket hatt GIS-data som del av både situasjonsbiletet og rapporteringa til overordna styresmakt. Det var jamleg samordning i ulike forum fram mot sommaren, også i samband med innreise for arbeidskraft til landbruk og reiseliv. Smitten i regionen vår auka utover hausten, og koordineringa og behovet for samordning av tiltak auka på seinhausten. November 2020 blei det etablert karantenehotell. Før jula 2020 blei vaksine- koordinering ei stor oppgåve. Koordineringsbehovet sett i forhold til innreisekjeda, inkludert karantenehotellordninga, eskalerte i byrjinga av januar 2021 (samstundes med handteringa av Gjerdrum). Innreiserestriksjonar, grensekontroll og grenseteststasjonar på dei største innfartsårane til landet via sjø, luft og land har gjort det nødvendig med betydeleg koordinering. Eit utbrot av mutert virus i Nordre Follo i januar 2021 som kravde særs mykje koordinering av regionale tiltak, førte til slutt til nasjonale regionale tiltak for enkelte kommunar, og frå midten av mars blei det innført strenge nasjonale regionale tiltak for alle kommunar i Oslo og Viken. Hausten 2021 følgde ei ny oppblomstring av smitten knytt til skulestart. Sjølv om smittetala fall utover tidleg haust, oppstod det stor utryggleik i kommunane knytt til overgangen til normal beredskap. Også dette har medført mykje koordinering. Seinhausten 2021 auka smitten på nytt, og utfordringsbiletet var krevjande grunna stor tilleggssmitte av andre luftvegsinfeksjonar og overgang frå nasjonale til lokale/regionale tiltak. I Innlandet har pandemiforløpet i all hovudsak vore prega av fem periodar med høgare smittenivå. Desse har vore samanfallande med smittesituasjonen i det sentrale austlandsområdet, men fylket fekk ikkje særleg høge smittetal før vinteren 2021/2022. Det er store regionale skilnader i fylket, og smittepress/ utbrot har under wuhan-varianten (og til ein viss grad alphavarianten) vore prega av demografiske- og mobilitetsfaktorar som er særeigne for regionane. Til dømes har den sørlege delen av fylket og Hamar- regionen i større grad følgt Oslo i smittesituasjon, medan hytte- og destinasjonskommunane har hatt utbrot som følgje av mobilitet mellom regionar med ulikt smittepress. Kommunane har vist stor fleksibilitet og rolleforståing i handteringa, trass i at strategien for handtering har veksla raskt mellom sentral og lokal handtering. Sjukehusa har gjort fortlaupande tilpassingar og sikra kapasitet og redundans, men med aukande konsekvensar for 18 Samordningsrolla til statsforvaltaren i handteringa av covid-19 / DSB RAPPORT
Last ned PDF-fil
Arkiv